16 Oct 2005 14:02
Ny struktur på KDE-filene våre
Gaute Hvoslef Kvalnes <gaute <at> verdsveven.com>
2005-10-16 12:02:42 GMT
2005-10-16 12:02:42 GMT
No når me har skifta til Subversion, har det blitt enklare å rydda opp i filene våre. Eg har i løpet av helga gjort mykje med KDE-filene. Det står att å flytta dei frå «head-kde-i18n» til det enklare namnet «kde», men elles er alt nedanfor gjennomført. (Eg er ikkje sikker på kor lurt det er å flytta heile mappa under beina på dei som sit og omset, så det er kanskje best å venta litt ...) KDE-omsetjingane skal flyttast til: /trunk/i18n/kde Dette er KDEs trunk, som for tida inneheld både KDE 3.5 og alle andre program som følgjer sine eigne utgjevingsplanar (t.d. kdeextragear* og koffice). Når KDE 3.5 blir flytta til ei stabil grein i KDE, vil eg vurdera om vår i18n/kde skal delast i to. Då vil det i så fall vera lettare å synkronisera omsetjingane. Hugs at malfilene til grensesnittet no ligg under templates/messages, og ikkje rett under templates som før. Dei som brukar kataloghandsamaren i KBabel må endra på innstillingane her. Hjelpefilene ligg i docmessages, og ikkje lenger i messages/docs. Eg har fjerna ein god del gamle filer som mangla malfil. Dette er filer som anten er fjerna eller flytta i KDE. (Viss eg har fjerna for mykje, er det ikkje så vanskeleg å rydda opp i det seinare.) KDE 2.2.2, som låg i i18n/kde-i18n er no flytta til: /branches/i18n/kde_2.2.2(Continue reading)
mvh, Børre
RSS Feed